Dette er ein film eg laga etter eg kom tilbake fra eit 7 månaders opphald i Peru som frivillig for ein utviklingsorganisasjon. Filmen handlar om kor urettferdig situasjonen i verda er i dag med tanke på forholdet mellom den fattigaste delen av verda i sør, og den rikaste delen i nord, og korleis våre prioriteringar i nord påverker situasjonen i sør. Tala er meint som illustrasjonar og er henta fra blant anna UNICEF sine heimesider,New Global Economy sin oversikt over verdas årlege utgifter og Human Development Report. Bilda av ungane er fra bistandsprosjekt i Peru og Uganda, og musikken peruansk folkemusikk. Sjå og bli engasjert!
Link to this comment:
All Comments (0)