Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det?
Her er latter, drama, tårer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyris Heidi og ikkje minst Astrid Lindgrens univers.
Romanen er skrive av Maria Parr og er allereie seldt til fleire land.
Les meir om Maria Parr og Tonje Glimmerdal på heimesida til Samlaget; http://www.samlaget.no/item.cfm?id=14684&read=lang_omtale
Nice reading! Greetings from Umeå!
Poesipaddan 2 years ago