Kristelig Folkepartis Ungdom demonstrerer mot StatoilHydros oljesandprosjekt i Canada. Utvinning av oljesand er over 20 gonger meir forurensande enn norsk offshore oljeindustri. KrFU krev at staten som majoritetsaksjonær må gå inn og stoppe StatoilHydros miljøfiendtlege prosjekt. Det er dobbeltmoralsk å investere i slike prosjekt med heilt andre utslepp enn vi tillet i Noreg. Det er tydeleg at regjeringa operer med andre reglar i utlandet enn heime. Regjeringa bruker oljemilliardar på å redde regnskogen, men nøler ikkje med å eige selskap som driv skitten oljeverksemd. Regjeringa må ta ansvar og gripe inn for å stoppe StatoilHydro!
All Comments