Du og eg heilt stille
Som ein regnverskveld
i ein skinsommar -
Dei forbrende marikåpene
blir langsamt kalla til liv
ved det som skjer no.
Himmel og jord -
kva er det eine og kva er det andre?
Den eine har fullt av den andre i seg
i ein slik time,
ved slikt strøymande av godt.
Ein ange som ein ikkje har lært om
I alle sine lære-år
- no er han her
like ved mitt kinn.
Tarjei Vesaas-
Du og eg heilt stille
Som ein regnverskveld
i ein skinsommar -
Dei forbrende marikåpene
blir langsamt kalla til liv
ved det som skjer no.
Himmel og jord -
kva er det eine og kva er det andre?
Den eine har fullt av den andre i seg
i ein slik ti...