1. Eg heiter Ola Tveiten og er ein arbeidsmann. (Hei!) Eg eig ein traktor og meg sjølv og gjer så godt eg kan. (Hei!) Og bjørnen ligg i sitt vinterhi, men det gjer ikkje eg. (Hei!) For i heile vinter har eg vore med og rydda veg. Og vegen blei fin og brei og slett. -Sudelida sudelidei! Den finaste eg har sett. -Sudelida sudelidei! Nei, det var ingen krøttersti. Om ikkje han ligg der til evig tid Så skal eg eta opp lua mi! -Sudelida sudelidei! Fyll opp mitt tomme krus!
2. Og eg har vel lempa pukkstein, og eg har vel lempa grus. (Hei!) Og eg har vel lengta heim ein gong til kjerring og til hus. (Hei!) Og eg har vel budd på brakke i vekesvis i trekk. (Hei!) Og eg har vel banna om kvelden og ønska meg ti mil vekk. For dagen var lang og han var svart. -Sudelida sudelidei! Arbeidet var tungt og hardt -Sudelida sudelidei! Spør du meg, skal du få svar at det var arbeid for ein kar ifrå oktober til januar. Sudelida sudelidei! Fyll opp mitt tomme krus!
3. Og snart skal vegen opnast med mange store ord, (Hei!) Så får vi sjå ein kakse som kan klippe av ei snor. (Hei!) Og narren står og smiler - vi har sett det så ofte før - (Hei!) og held si takketale for den stolte kontraktør. Så ropar dei alle høgt: "Hurra!" -Sudelida sudelidei! Og får biletet sitt i bla'. -Sudelida sudelidei! Men du finn nok ikkje oss blant alle dei fine folk i floss', nei, du kan be dei dra til Moss! -Sudelida sudelidei! Fyll opp mitt tomme krus! (Hei!)
4. Og når du sit i bilen din ein skinnande sommardag, (Hei!) så send ein venleg tanke til eit trufast arbeidslag, (Hei!) som har jobba seg frametter vegen fleirfaldige tunge mil (Hei!) forat du skal få trå på ein gasspedal og kjøre kvarhelst du vil. Mens vi rydda vegen bit for bit. -Sudelida sudelidei! Kvar meter har kosta slit. -Sudelida sudelidei! Men vegen skal du ha. Om ikkje du tykkjer han er bra; lukt til helvete kan du dra! -Sudelida sudelidei! Fyll opp mitt tomme krus!
OLA TVEITEN
Norwegian song about a working man that owns a tractor and himself, and about the road he made with his mates. "This road we made for you,
and if you dont think it'll do,
then straight to hell it is for you,
-sudelida sudelidei!
Tralla lala lala,
fill up me empty mug!(Hei!)"
KapteinOpel 2 years ago
KapteinOpel 2 years ago
KapteinOpel 2 years ago
KapteinOpel 2 years ago
KapteinOpel 2 years ago
She sounds a lot like a Field Marshall.
Single cylinder two stroke?
scammellexplorer 2 years ago
I envy you thats the life!Great tune also.Actuaully 2 great tunes.the jig and your engine.
tomterahedrob 3 years ago
suddelidi,suddelida...Hey,ive heard this song in Norwegian!
arvekvalvik 3 years ago